torsdag 23. november 2023

Repeater i Florø

Repeater i Florø.

No er både APRS og gamle 2m repeater i Florø på plass i den restaurerte hytta, og begge maskinene er QRV. 

Repeateren står framleis med 82,5 Hz subtonesquelch. Den ville ikkje la seg opne med 123 Hz som er den nye standardtonen. Dette vil bli undersøkt nærare.

Takk til LA4XNA Kato som både har pusha prosjektet, og fått på plass igjen apparat og antenner.

PS: Den DMR repeateren som vi hadde oppe ei stund, er teken ned att og vurdert flytta til Nordfjord der det er meir igjennomreise.

de LA5VX  Steinar @ 23. nov 23

onsdag 25. oktober 2023

JOTA - Jamboree On The Air

 Jota på Teigen i Kinn 21. oktober

Litt førehandsopplæring før radiobordet.
   100 speidarar og foreldre var samla på Teigen denne laurdagen. Teigen er ein leirstad nede ved fjorden litt sørvest for Eikefjord aust for Florø. Her er det god plass til både folk og antenner. 
  60 speidarar frå Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Bergen, i tillegg til seniorspeidarar og foreldre, gjorde det til ei stor samling. Og Firdagruppa stilte med LA5VX Steinar for JOTA aktivitet som ein av fleire aktivitetar på leiren. Mange fekk fullført sine 6 QSO'ar, av dei ein utenlandsk. Sterk vind, men antennemasta for ein 2x19,5m dipol stod imot. Eg hengde også ei 20m dipol opp, og den var grei om dagen, men mykje qrm og contest om kvelden. Ein del støy frå noko internettutstyr som var medbrakt i samband med JOTI (Jamboree On The Internett). Eg kjende att støyen frå samlinga i fjor på Allværa i Sogn. 

   Vi hadde grupper på 10 speidarar, noko som kanskje var for mange i den settingen. Trur grupper på fem vil vere meir nyttig for alle. Men mange fekk som sagt igjennomført alle seks qso'ar og vart kjempefornøgde.

80 meter kontakt på gang.


   Eg måtte dra vidare søndag morgon, men håpar vi kan stille mannskap også neste år. Mange glade unge speidarar som kanskje vart litt meir radiointeresserte.

Beste helsing LA5VX Steinar



onsdag 16. august 2023

Field Day

 Snart er det september og NRRL field day. Vi er nokre som tenkte å samlast på Nesje Fort ytst i Sognefjorden og heise opp nokre antenner. Håpar fleire kan ta turen. Det er helga 2-3.septemberhttps://nrrl.no/nyheter/er-du-klar-for-arets-field-day-2-3-september-2023/

Om Nesje fort QTH kan du lese meir her: https://nesjefort.no/ - det er høve til å leige seg inn på hytte dersom det er ledig, men då må ein ringe og høyre. Ellers må vel overnattinga skje i medbrakte faciliteter.

73 de LA5VX Steinar 



torsdag 20. oktober 2022

Jota på Alværa 2022

 Speidarane på lufta.

    Den 15. og 16. oktober var 65 speidarar frå 5 grupper samla på Alværa ved Sognefjorden for å mellom anna få sitt ettetrakta radiomerke. Kravet var ulike kunnskapar og kompetanse i høve amatørradio. LA4YPA Steffen og LA5VX Steinar var på plass tidleg laurdag og fekk opp ein 80m dipol. Og trass mykje lokal støy, rimelegvis frå ein installasjon i huset, fekk alle oppnådd QSO med 4 norske stasjonar. 
    Men av dei minimum 5 qso'ane måtte det vere minst ein utenlandsk. Og her kom 80m dipolen til kort. Den innebygde tuneren i Icom IC7300 klarte ikkje å tune opp dei høgare frekvensane. Så då vart ut-effekten ikkje rare greiene.
    Søndagen skrudde vi saman ei buddipole antenne for 20 meteren og sette oppetter ei furu. Og den gjorde susen. Sjølvaste hovudstasjonen i Luxembourg slo inn med 59+ i to økter, og alle fekk seg ein utlending. Mange stolte ansikt som varma oss radioamatørane. Det vart ei hyggeleg samling, og sanneleg vart det ikkje merke på oss også.

Steinar LA5VX

torsdag 11. august 2022

70cm FM, C4FM repeater Nordfjord

OPPDATERT: Litt betre no. Den er bra følsam og virkar greitt, men ein høyrer støy på rx  

Repeateren er på Sagtennene att, på fjellet mellom Lote og Nordfjordeid. Den er fremdeles ikkje heilt god, så ny tur opp for å justere litt når regnet gjev seg.

Frekvensen er 434,875 MHz og subtone 123 Hz.

APRS er også oppe og går att  Den gamle antenna var knekt, og noden står no med ei litt mistilpassa antenne og høyrer ikkje så godt stakkar. 

Helsing LA5VX og LA2VSA

fredag 20. mai 2022

DMR repeater, Førde


DMR repeater Førde ligg no på sin endelege frekvens 434,650 MHz og står i AUTO mode. Dvs den svarar automatisk på analogt FM dersom du sender med subtone 123 Hz, og DMR dersom du sender med det.

DMR id er 242012 og den sender på låg effekt.

Status side hjå Brandmeister finn du HER: https://brandmeister.network/?page=repeater&id=242012

Hardware er Hytera RD625. Repeateren står no i prøvedrift i det gamle branntårnet i Førde sentrum. Går det slik vi har tenkt, kjem den på Hafstadfjellet i løpet av våren.

- de LA5VX


torsdag 7. april 2022

Styrets sammensetning etter årsmøtet 2022.

 Etter å ha avholdt årsmøte i Firdagruppa LA6F, så er styrets sammensetning som følger:


Leder:        Richard Schumann LA3NUA

Nestleder:  Steinar Lote LA5VX

Medlem:    Kato Sandvik LA4XNA

Kasserer:    Steinar Lote LA5VX

Managere:

Repeater:    Helge Abrahamsen LA3QR

QSL kort:    Reidar Nyland LA9DK

Samband:    Knut Strøm LA8VIA