onsdag 28. oktober 2015

Hugs radiotreff 1930

Siste torsdag i oktober - dvs medlemsmøte på Førdekroa kl. 1930 torsdag. 
-5VX

mandag 12. oktober 2015

Radiotreff på Bryggja 20-22. november

Fredag 22. november lagar vi eit lite radiotreff på Bryggja i Nordfjord. Det blir radioprat, kos og hyggeleg samvær. Vi tek heile helga til søndag 22. og tingar så mange hytter det trengs. Meld frå til LA4XNA Kato eller LA5VX Steinar. Epost til firdagruppa-at-gmail.com fungerer greit.

-de LA5VX

tirsdag 6. oktober 2015

Ny repeater i Førde

Ny maskin i LA5IR på Hafstadfjell. 

Vår nye Yaesu DR-1 analog/digital repeater har teke over frå den litt slitne NERA repeateren. Den nye står no i Auto/FM - som betyr at den sender alltid ut i FM men kan ta imot både FM og digitalt.
Repeateren kan gå både i 2m bandet og 70cm bandet, og den er sett til 145,700 MHz som vi har hatt før.

Hugs å stille inn radioen med
subtone 97,4 Hertz.
Får å kunne gå ut over repeater MÅ du sende denne TX-subtonen, men RX-subtoneSQUELCH er ikkje nødvendig. På IARU møte i 2011 vart det bestemt at alle repeaterar over 30 MHz skal ha subtone både på RX og TX. 97,4 Hz er samme tone som dei brukar i Hordaland.

1750 tone virkar ikkje lenger.

Om vi får denne repeater inn i Yaesu System Fusion nettverk vil tida vise. Status pr i dag er at den er frittståande som før.

For meir info om System Fusion, sjå info på Yaesu sine sider. http://www.yaesu.com/

-LA5VX 7.10.15