tirsdag 6. oktober 2015

Ny repeater i Førde

Ny maskin i LA5IR på Hafstadfjell. 

Vår nye Yaesu DR-1 analog/digital repeater har teke over frå den litt slitne NERA repeateren. Den nye står no i Auto/FM - som betyr at den sender alltid ut i FM men kan ta imot både FM og digitalt.
Repeateren kan gå både i 2m bandet og 70cm bandet, og den er sett til 145,700 MHz som vi har hatt før.

Hugs å stille inn radioen med
subtone 97,4 Hertz.
Får å kunne gå ut over repeater MÅ du sende denne TX-subtonen, men RX-subtoneSQUELCH er ikkje nødvendig. På IARU møte i 2011 vart det bestemt at alle repeaterar over 30 MHz skal ha subtone både på RX og TX. 97,4 Hz er samme tone som dei brukar i Hordaland.

1750 tone virkar ikkje lenger.

Om vi får denne repeater inn i Yaesu System Fusion nettverk vil tida vise. Status pr i dag er at den er frittståande som før.

For meir info om System Fusion, sjå info på Yaesu sine sider. http://www.yaesu.com/

-LA5VX 7.10.15

1 kommentar:

Steinar Lote sa...

Repeateren står no i Auto/Auto.

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.