lørdag 9. april 2016

Hammeeting 2016

Årets Hammeeting i Letohallen fekk besøk av LA3NUA, LA8VIA, LA4KSA og underteikna LA5VX t.v.
Kjempejobb av Gardermogruppen som i mange år har stelt i stand dette treffet her litt nord for flyplassen.




Laurdag er den store dagen her. Ein skog av antenner på dei fleste bilane utanfor avslører interessefeltet. Her ein Diamond screwdriver t.v. for HF pluss litt VHF / UHF bortover taket. 

Midt i hallen har mange tinga seg bordplass for sal av ymse brukt utstyr. 

LA4KSA i spekulasjon om ny aprs bærbar hjå Permo / Simarud. 

Den lokale gardermo gruppa har rigga HF stasjon som vi fekk låne til ein kjapp tur innom ringen på 3660 kl 10:00 laurdag. 

NRRL har sjølvsagt stand med info og materiell til norske radioamatørar.

LA3NUA i forhandling om eittelleranna. Mange likesinna her i hallen i dag. 

Dagens åpenbaring var denne karen til høgre. ChrisTech hadde pakka opp den nykomne SDR radioen frå Icom- ic7300. Liten kjekk sak som mange fekk lyst på. 

ChrisTech hadde teke med seg mykje godt materiell for sal i hallen. 

Berre fire forhandlarar var her i år. Eit tsjekkisk firma med utstyr til antennebardunering, Eidelon, ChrisTech og Permo som fekk ikkje med seg heile butikken i år. Dei hadde berre modellar for framvising. 

Dei mange junk borda var flittigt besøkte.


Fire halsvoltne radioamatørar på spasertur til pølsebua for lønsj.

Men middag det kan dei her. Skikkeleg festmåltid vart det. Og Firdagruppa fekk eige bord!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.